Jason Lindner

Jason Lindner

Jason Lindner på scenen i Treibhaus i Innsbruck
Fødd1. februar 1973 (51 år)
FødestadNew York, U.S.
OpphavUSA
AktivSidan midten av 1990-åra
SjangerJazz, electronica, jazzfusion, Latin, worldbeat
InstrumentPiano, klaverinstrument, synthesizer
PlateselskapNow Vs Now
Verka somMusikar, komponist, arrangør, produsent

Jason Lindner (fødd 1. februar 1973) er ein USA-amerikansk pianist, klaverspelar, lyddesigner, komponist, arrangør og produsent.

Lindner byrja å spele aktivt i midten av 1990-åra som leiar av eit storband som spelte på Smalls Jazz Club i New York City.[1] Dette bandet spelte inn albumet Premonition i 1998[2] som kom ut i 2000. Han spelte og arrangerte musikk for vokalisten Claudia Acuña på det første albumet hennar, Wind from the South.[1]

Dei førte tre månadane i 2015 deltok han på innspelinga av det siste albumet til David Bowie, Blackstar. For denne innspelinga brukte han ni klaverinstrument og eit flygel. Lindner sa at han vart inspirert til å arbeide som produsent etter å ha arbeidd med Tony Visconti under Bowie-innspelingane.

  1. 1,0 1,1 Adler, David R. «Artist Biography». AllMusic. Henta 28. september 2021.
  2. Murph, John (June 2004) «Jason Lindner» Arkivert 2015-02-07 ved Wayback Machine.. JazzTimes.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in